Europa snør ned
Tusenvis av ski-turistar er isolerte etter heftig snøfall i Mellom-Europa. Det er stor snøskredfare.
Fleire tusen skituristar er no innesperra over store delar av Mellom-Europa etter kraftig snøfall siste tida.
Austerrike, sørlege delane av Tyskland, Frankrike og Sveits har opplevd enorme mengder med snø dei siste dagane. Enkelte plassar har det kome meir enn 5,5 meter.
Fleire stengte skisenter
Det har ført til stengte vegar og jernbanelinjer, og snøskredfaren er sagt å vera ekstremt høg.
På storm.no/sno finn du alt om tilhøva på skisentra i heile Europa
LES OGSÅ: By begravd i fem meter snø
Ein kan lett seia at det er for mykje av det gode for snøhungrige britar og andre som er på tur i Mellom-Europa for å gå på ski. Snøskredfaren har og ført til at dei fleste nedfartane er stengt, samt vegane mellom dei ulike skisentra.
STENGTE VEGAR: Stengte vegar i St.Anton gjer at folk kan gå på ski midt i vegen. Foto: STRINGER/AUSTRIA/Reuters
Kjente stader som St.Anton, Ischgl, Arlberg og Galtur er no isolerte.
Berre i dei austerriske Alpane reknar ein med at minst tusen britar sit vêrfast etter at det kom tre meter snø på 48 timar.
LES OGSÅ: Storm og snøvær på vei
I byen Ischgl er 17.000 menneskjer innesnødd, og i nabolandsbyen Galtur vurderar dei snøskredfaren dag for dag, men nokre av vegane ut av landsbyen opna i dag, onsdag, slik at fleire turistar kom seg heim.
Fleire av dei britiske turistane tok den ekstra ferien med godt humør.
Ekstra ferie
– Det var strålande. Me fekk ekstra ferie, noko som gjorde at me fekk meir tid til å stå på ski, og eg går glipp av ein eksamen, seier Harry Vardigans (16) til The Telegraph.
– Eg skulle ha byrja på universitetet i går, men eg er ikkje lei meg for at me sat vêrfast her nede med masse snø og eit heftig uteliv, seier bror hans, Tom (20).
FINT: Snø treng ikkje alltid vera eit problem, men og utruleg vakkert. Her frå Crozet i Frankrike. Foto: Frank Jordans/Ap
– Eg trur ikkje du finn mange som klagar på situasjonen. Det er som å vera vêrfast i paradis. Det er flott og spanande å sjå kor mektig naturen er, seier John Thorpe til The Sun.
Situasjonen no står i skarp kontrast til situasjonen i byrjinga av sesongen.
LES OGSÅ: Sjekk den snø-eksplosjonen!
Problemet då var at snøen aldri kom, og myndigheitene i ischgl måtte bruka nesten åtte millionar kroner på kunstsnø for at skisentra skulle opna til sesongstart.
Det er og snø i Noreg, i tida før jol var det Røldal som hadde mest snø i heile verda.
| Publisert | 11.01.2012 17.20 |
| Oppdatert | 17.02.2012 16.08 |




















