Bli brun, ikke brent
Dette må du vite dersom du vil ha den rette påskefargen. Brun altså, ikke rød.
UV-stråling (Ultrafiolett stråling) utgjer berre ein liten del av solstrålinga som når toppen av atmosfæren. Men stråling i denne delen av solspekteret er svært energirik og er nødvendigvis ikkje bra for alle, noko som gjer det viktig å lytte til råd om UV-stråling.
Snø reflekterar mykje av sollyset og aukar med det UV-strålinga du vert utsett for. Foto: Brynhild Berge Sjølingstad
Ozon vernar oss
Ozon i atmosfæren forhindrar den "farlegaste" UV-strålinga (UV-stråling med kortast bølgelengder) å nå bakken, men let ein del av UV-B strålinga og det meste av UV-A strålinga nå bakken. Ved bakken vert UV-strålinga hovudsakleg bestemt etter kor høgt sola står på himmelen, skymengde, kor tjukt ozonlaget er og refleksjons-eigenskapane til bakken (albedo).
Sterkast om sommaren
UV-strålinga vil typisk vere sterkast om sommaren når sola står høgt på himmelen og det er skyfritt. Har underlaget høg albedo vil omgjevnadane reflektere meir av solstrålane og du vert utsett for sterkare UV-stråling. Dette er for eksempel tilfelle når bakken er dekka av kvit snø.
Sørover i påska?
I Alpane og ved Middelhavet er det venta sterk UV-stråling med ein indeks på 6-7, så skal du sørover i ferien er det viktig å tenke på både solfaktor og solbriller.